av Frettis » tir 27.05.2014 15:36
Eg er uenig, tykkjer HBO er veldig bra, også teknisk. Brukar HBO nordic på tre plattformer; Samsung TV, iOS og OSX. Svært velfungerande, kva episodar eg har sett og kvar eg er i episodane blir stort sett oppdatert på tvers av plattformane. Dei har litt igjen på brukargrensesnitt på Samsung TV-appen, men det fungerer likevel problemfritt å styre via tv-fjernkontrollen. Utvalget er etter min smak milevis betre enn Netflix, men her står vi heldigvis fritt til å velje. Skuffande at dei er trege med app til Apple TV, men det kan vel hende noko av problemet her er hos Apple? For meg er HBO opptur, i alle fall.