av Billhater » tor 02.10.2014 13:56
Har ein MBP mid. 2009 som frys i oppstart. Det er kona som brukar han, og ho rapporterer at skjermen byrja å flimre og fikk ei rekkje striper. Ho køyrte ein hard reboot og etterpå stoppar han i oppstartsvinduet med eple og badeball. Dvs. badeballen stoppar også etter kvart. Eplet har stripar i seg. Har prøvd diverse resettingar og verbose-mode. Ikkje noko ser ut til å vere galt bortsett frå at i verbose-mode er skjermen stripete. Dvs. ikkje svart, men svart og blå-stripa. Stripene er vertikale.
Kan det vere at skjermen er problemet her? Litt rart at systemet likevel frys?
Skal sjå meir på det i kveld, men det ser faktisk ut som om maskinen har tatt kvelden.
Vurderer å ta hardware-testen, men har ikkje DVD for handa akkurat no.