Intervju med Jon Fosse om Mac-fascinasjon

fosse

Et intervju med forfatteren og dramatikeren Jon Fosse om Macintosh og macfascinasjon.

Når fikk du din første Mac og, for nerdene blandt oss, husker du hvilken modell det var?
Den første PC-en eg fekk heitte Amstrad, eg kjøpte ein pakke med skrivar og alt. Og den var grei, den. Det var eit stort framsteg i forhold til skrivemaskina, sjølv om utskrifta var prikkete og stygg som berre det. Og WordPerfect som eg òg kjøpte, hadde mange funksjonar, men eg kunne berre bruke eit par. Men så, mange år seinare, kom svogeren min ein dag drassande på ein berbar Mac. Eg likte maskina med det same, det var kjærleik ved første augekast. Det der fine eplet ialle regnbogens fargar. Og då han viste meg litt om korleis ein kunne sjå det ein skreiv svart på kvitt, og at ein kunne markere tekst og skifte font og at ein kunne markere tekst og dra den! Ja det var jo nesten utruleg. Og litt av den same kjensla har eg framleis i forhold til Mac. Forelskinga er ikkje borte, sjølv om den nok er blitt mildare med åra, sjølvsagt.

Eg måtte ha ei slik maskin. Sjølv om den var dyr, i alle fall for ein fattig diktar. Den første Mac-en min blei dermed ei PowerBook 165, hausten 1993, var det vel. Eg kjøpte samtidig både laserskrivar og vanleg skjerm og tastatur, og brukte opp det meste av eit honorar. Eg angra aldri på det.

Var du bevisst på at det var Mac du ville ha, ikke en Windows maskin?
Eg var heilt ubevisst. Eg var faktisk ikkje interessert i data i det heile tatt, men eg forstod jo på kollegaer at dette var ein svært god arbeidsreidskap for ein forfattar. Og det var det jo òg. Sjølv ei dos-maskin var til stor hjelp. Men den store revolusjonen kom altså for meg då eg begynte å bruke Mac.

Kan du utdype det med "den store revolusjonen" i forbindelse med Mac´en?
Eg har for eksempel alltid likt å ha reine og fine manuskript, i skrivemaskintida kunne eg skrive opp igjen ei heil side på grunn av eit feilslag. Eg er ganske pedantisk i så måte. Dos-utskriftene var jo stygge, men Mac-ustkriftene var fine frå første stund. Å få sjå det ein skreiv i Garamond med det same, ja det var jo litt som å få boka i hende i skrivemaskins- og dos-tida.

I Fakta på Lørdag programmet som gikk på NRK i høst så vi bl.a at du besøkte Apple Store i Tokyo, du ble spurt om hvor du hadde vært uten Mac i dag og du svarte " det er jeg ikke sikker på..."?
Jo då. Eg skreiv jo i ti år før eg fekk datamaskin i det heile. Og den første romanen eg skreiv på Amstrad-en, skreiv eg deretter om igjen på skrivemaskin. Eg stolte ikkje heilt på denne nye måten å skrive på,det var for enkelt, liksom. Det viste seg at eg nesten ikkje forandra noko då eg skreiv igjennom på maskin.
Så eg trur ikkje Mac-en har betydd så mykje i fundamental forstand. Men enklare har det blitt. Og stillare (ja eg veit at mange Mac-ar bråkar, men slike vesen finn du ikkje hos meg). Min måte å setje opp scenetilsvisingar og replikkar i eit skodesepel, hadde knapt nok vore muleg før Mac-en (jo eg veit godt at alt dette no også lett kan gjerast på ei Windows-maksin, men la meg seie det slik!). Og for dramatikken min er måten å setje det opp på, ganske viktig. For flyten, for vektlegginga av det enkelte vesle ordet, for det tomme rommet rundt det sagde.

Jeg fikk et klart inntrykk av at du hadde et mer subtilt forhold til macen enn at den f.eks er en avansert skrivemaskin. Her er jo mange macbrukere på linje med hverandre. Noen tanker om dette?
Sjølvsagt – The Mac is not a typewriter. Og sjølvsagt er den det. Skrivinga er det eg lever av og med, og eg skriv på Mac-en. At den er mykje meir enn det, ja det er jo sjølvsagt, den er jo det ein kan kalle for eit fascinasjons-objekt, og eg er utan tvil av dei som har latt, og lar, meg fascinere. Det har sjølvsagt med design å gjere, men det har òg med mytologien rundt Mac og Steve Jobs og alt det der å gjere. Eg tilhøyrer i ein slags grunnleggande forstand same generasjon som Mac-en. Eg deler mange av dei holdningane, og det opprøret, som Mac-en så å seie ber med seg. Du kan godt seie at både Mac-en og eg er gamle hippiar. Det er kanskje ikkje så mykje igjen av hippien, verken her eller der, men noko går aldri bort.

Det at Apple de siste ti/femten årene også har blitt/vært en underdog er også grunnlag for mange til å være "fan ", David mot Goliat så å si. Kjenner du deg igjen der ?
Ja, sjølvsagt. Eg har det gjerne med å støtte den tapande part. Ikkje fordi eg er så særleg moralsk av meg, men det å vere i mindretal og i opposisjon har alltid tiltalt meg mest. Og det ikkje minst fordi mindretalet som regel har rett. Eg er nok på eit vis meir elitist enn demokrat, dessverre kanskje. Og her minner faktisk nynorsken og Mac-en ikkje så reint lite om kvarandre. Begge er – unnskyld meg! – langt betre enn alternativet, og likevel står ein så svakt i forhold til alternativet at utrydding trugar. Men det skjer ikkje. Takka vere blant anna slike som meg. Eg har vanskeleg for å skjøne at det skal vere slik i verda. Både når det gjeld nynorsk og når det gjeld Mac. Og slik er det jo utruleg nok på dei fleste andre omkverve, enten det no gjeld litteratur eller teater eller båt (for å ta tre område som interesserer meg).

Endel windows-brukere er tildels ganske aggressive i sin “anti-Mac” holdning fordi de oppfatter mac-brukere som bedrevitere, snobber eller nettopp elitister. Og som motsvar predikeres Windows,som jo har den posisjonen de har nettopp ved å være totalitære, ved å misbruke sin posisjon til å stoppe konkurenter. Det er jo litt av en selvmotsigelse?
Ja. Det er slik, det. Dei fleste mislikar det eg likar, det gjeld det meste. Det blir til og med hata. Eg er altså ikkje av den oppfatning at fleirtalet alltid har rett. Eg har alltid likte det avvikande, det sære, det som er noko i seg sjølv. Det gjeld ikkje minst menneske. Så vidt eg forstår, er det også god moral i det. Det som skremmer meg, og kan gjere meg redd, er den kompakte majoritet, den stumpe massen, mobben. Men ein skal jo sjølvsagt ikkje romantisere Mac-en for mykje. Apple er eit av dei største firma i USA, og er kapitalistitar så råe som nokon. Likevel lagar dei gode ting.

Bruker du macen til andre ting enn som et redskap i arbeidet ditt ?
Mest til arbeid, skriving, og sjølvsagt også til epost og til internettsurfing. Og dessutan til navigering i båten min. Eg har òg ordlister osv på Mac-en. Gjennom åra har eg vore borte i litt av kvart sjølvsagt, men eg er ikkje så interessert i ditt og datt lenger. Mac-en er ein fin og god gjenstad, og ein god reiskap for det eg driv med ilivet. Eg kjenner meg veldig avhengig av Mac-en.

Bruker du OSX ? I så fall ; Hva synes du om OSX i forhold til OS9, forandringene er jo ganske fundamentale?
Eg bruker OSX, siste versjon. Og eg har vore med frå den spede byrjing. Til å byrje meg virka jo ikkje operativsystemet i det heile (ubegripeleg at det gjekk an å selje det, så uferdig det var), og det har vore interessant å følgje tviklinga fram mot dagens operativsystem. Eg likte nok, med hjarte, betre det klassiske operativsystemet. Men eg har vent meg til også de nye, og med hjelp av diverse innstillingsval synest eg det også er blitt fint. Fint ja – og så kræsjar det aldri. Og er raskt og godt. Og all kræsjinga var, så mykje må innrømmast, eit ikkje lite problem i gamledagar.

Du har ikke gått til anskaffelse av en iPod ennå?
Nei, eg har ikkje det. Eg høyrer veldig lite på musikk.

Hvilken mac bruker du nå?
Eigentleg ei heil forsamling! Eg har to PowerBook G4 i bruk, dessutan eitt stk iBook og ein Cube…

Vet du om andre norske forfattere som bruker mac ? ( jeg vet at Jan Kjærstad bruker Mac, men han foretrekker jo til sist å skrive med penn... )
Det er nokre i alle fall. Tor Åge Bringsværd veit eg gjer det, og Einar Økland gjorde det i alle fall, men utan større entusiasme. Marit Tusvik bruker Mac. Og altså Jan Kjærstad.

Tilslutt , hvis du husker det - har du en oversikt over de forskjellige Macene du har hatt ?
Eg har hatt veldig mange, i alle fall! To ulike Performa-er, to Duo-ar, ein Quadra (ubrukeleg, på grunn av støyen), to SE-ar, ein Classic, ein G3-tårnmodell, PowerBook 1400, PowerBook G3 Wall Street, iMac (den første som kom, bondiblue – var det slik det blei skrive?). Ein del er kjøpt brukt for ein slikk og ingenting, ein del er kjøpt nytt for ein heil liten formue. Det neste blir truleg Mac mini.

Geir Werner Hagen © 2005

bohdi

Takk til macwerner for godt intervju, samt ein takk for at du ikkje gjekk i fella og skreiv det på bokmål! Jon Fosse har med dette fått endå ei stjerne i boka!!

TorbX

2005? Har den stått på vent, denne her?

MacMacintosh

Hallo.

Veldig fint og rørende intervju. Har du fått en del Mac1-poeng nå MacWerner?

Takk.

macwerners bilde

macwerner

"Skrevet i 2005? Har den stått på vent, denne her?"

- Ja faktisk, men en av adm. godtok den ikke fordi han ikke trodde det var meg som hadde gjort intervjuet.
Jeg la det inn på nytt i går, etter at jeg leste tråden om MacGud... Jeg er veldig fascinert av Mac, men å lage en religion er ikke min greie. Derfor tenkte jegat dette intervjuet kunne være med på skape litt balanse.

"Takk til macwerner for godt intervju, samt ein takk for at du ikkje gjekk i fella og skreiv det på bokmål! Jon Fosse har med dette fått endå ei stjerne i boka!!"

- Ville aldri ødelagt intervjuet med å oversette til bokmål. Nynorsk er jo så vakkert og poetisk i seg selv, skulle nesten ønske jeg snakket nynorsk sjøl. = )

Lykkelig NY eier av MacBook Pro 17" 2GB !
http://geirwerner.squarespace.com

eb

Ble helt nostalgisk, jeg. Min første datamskin var også en Amstrad, en "tekstbehandlingsmaskin". Den var bedre enn PC på dette området og jeg hadde selvsagt ikke råd til noen Mac da midt på 80-tallet. PowerBook 100 var min første Mac. Solgte den dessverre, resten av Mac'ene har jeg enda her i rotehuset.. Men dette har selvsagt ikke så mye med Fosse å gjøre, bortsatt fra at vi har hatt lignende hardware-utvikling, begynnende med Amstrad !

eb

Sigvi

Hehehe noen som har lyst til å oversette til Norsk?

helge_karl

Det står på norsk din tosk

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Alt om iPad, iPhone og iOS

Nettradio i iTunes

Nettradio i iTunes
130 norske radiokanaler.
Få de mest populære norske, svenske og danske radiokanalene inn i en egen spilleliste i iTunes.
Oppdatert 13. mai