Anbefaling: Inquisitor

Pluginmodulen Inquisitor for Safari har tidlegare vorte omtalt her på Mac1. Den gongen var denne nyttige programvara berre tilgjengeleg for dei som var villige til å donere eit større eller mindre pengebeløp. Hausten 2006 la utviklaren ut programmet for fri nedlasting, og talet på nedlastingar eksploderte.

"Spotlightsøk" i Safari

Inquisistor gjer at det vesle søkefeltet i Safari får den same sanntidsfunksjonen som søkefeltet i Firefox og Spotlight har. Det vil seie at søkeresultata kjem opp mens du skriv. Inquisitor vil også foreslå ord som du kan leggje til søkeorda dine for å få eit meir presist søk. I tillegg vil Inquisitor kunne auto-fullføre søkeorda viss dette er ønskjeleg. Inquistitor brukar Google som standard søkemotor, men ved å leggje til andre søkemotorar i lista kan du enkelt gjere eit søk på for eksempel eBay eller YouTube gjennom det same søkefeltet. Når du legg til ein søkemotor i lista, kan du også leggje til ein tastatursnarveg for raskt og enkelt å bruke denne søkemotoren i søket. Inquisitor hugsar også kva sider du har besøkt, og markerer dette i søkeboksen som kjem opp. Dei sidene du har besøkt ofte får høgast plassering i søkeresultata. Forutan at programmet fungerar bra, ser det unekteleg ganske fint ut. Men, det bryt litt med det børsta stålet som pregar Safari. Designet på Inquisitor minner eigentleg meir om iPhone.

84432

Du kan gjere instillingar for autofullfør, resultatvisning og søkemotorar m.m. under ein eigen fane i instillingane for Safari.

84430

Sjølv om programmet er gratis, oppfordrar utviklaren til å donere pengar viss du er fornøgd med programmet. Dette krever ein PayPal-konto.

Nedlasting av programmet kan gjerast hos Inquisitorx.com/safari/.

MacAttacks bilde

MacAttack

Finnes det en liknende plug-in for Camino??

Hormod Hergessen

Nynorsk utan ein eineste skrivefeil. Eg må seie eg er imponert

fredarn

Brukt den lenge, ganske grei plugin :)

akiras bilde

akira

funker ikke å ha den instalert sammen med acidsearch (http://www.pozytron.com/?acidsearch) som er den mest geniale og nyttige plugin'n du kan få te safari...

And2000

Denne plug-in-en er en meget god en, som det er rart om Apple ikke kjøper opp og bygger inn i Safari, slik de gjorde med Coverflow.

Magnuc

Man trenger ikke PayPal konto for å betale med PayPal.

pepperogsalt

bokmål vær så snill?

SveinMD

Magnuc: Å? Det var eg ikkje klar over. Beklager, eg har berre gjort transaksjonar via min konto, og rekna med at den metoden var den einaste :D

Pepperogsalt: Eg har dessverre ikkje tid til å skrive denne artikkelen på både nynorsk og bokmål.Det får eg berre beklage. Dessutan burde det eigentleg vere unødvendig. Har du ikkje hatt nynorskundervisning på skulen? Forskjellen mellom "språka" er så minimal at dei aller fleste burde greie å forstå innhaldet. Eg trur mange postar i forumet er mykje meir uforståelege på grunn av den slette teiknsetjinga og dårlege grammatikken mange brukarar presterer. Viss teksta er uforståeleg på nynorsk, har eg linka til "heimesida" til Inquistitor som er på engelsk. Det meste av informasjonen er derifrå. Du finn og informasjon om Inquisitor på engelsk Wikipedia.

elznorro

Kva er det som er så uvanleg med nynorsk utan ein einaste feil?

El Znorro

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Alt om iPad, iPhone og iOS

Nettradio i iTunes

Nettradio i iTunes
130 norske radiokanaler.
Få de mest populære norske, svenske og danske radiokanalene inn i en egen spilleliste i iTunes.
Oppdatert 13. mai