Tapedeck - Lynkjapp kladding for alle som lager musikk

Der er nok mange av oss her på Mac1.no som brukar macen vår til ein eller annan form for lydinnspeling/bearbeiding og musikkskapning. Tapedeck er ikkje meint som ein erstattar for programvaren me allerede brukar. Men den er genial for å spele inn skisser lynkjapt. For sjølv om vi alle har våre favorittprogram til dette arbeidet er der ein ulempe med alle dei gode DAW´ane, såvel som GarageBand.

Frå du har funnet fram til den vakre akkordrekka, den nydelege melodien eller den geniale soloen, og til du har fått plugga i lydkortet, starta Pro Tools/Logic/GarageBand, oppretta eit prosjekt, laga eit lydinnspelingspor og fått mikrofonen på plass, går der avogtil så lang tid at du kanskje har gløymt det du skulle spele inn. Eller kanskje du berre syns det var så mykje arbeid for ein så liten ting at du heller går i superkritisk modus og finn ut at det ikkje var bra nok alikevel.

Slutt på alt dette. Her er Tapedeck.

Tapedeck

Tapedeck startar på 1 sekund, og det tar deg ytterligare eit sekund å vere i gong med innspelinga. Det brukar den innebygde mikrofonen på macen din og lar deg velge mellom tre lydkvalitetar mht filstørrelse.

Programmet arkiverer alt du gjer som små kassettar (mest for morro skuld) med artige animasjonar og lydeffektar, så du føler at du putlar på med ein kassettspelar. Du kan eksportere direkte til iTunes eller inn i DAW´en din.

Kvar gong du trykker på record, opprettar Tapedeck ein ny kassett, så du slepp å bekymre deg for å spele over andre gode idear, og du slepp bryderiet med å opprettenye spor. Berre trykk Record og spel inn skissa di. 125 kroner med dagens dollarkurs for programvaren er ein liten pris å betale for å ta vare på alle skissene dine som brått dukkar opp i hovudet ditt midt på natta.

Les mer på Tapedeckapp.com

apple boy

kult, hvor kan man kjøpe det?

Spider_Jerusalem

Du klikker på lenken til programmet (tapedeckapp.com) og klikker deretter på "Buy Now". Verre er det ikke. :) Interessant at den er kun for Leopard.

perandre

Kjekt. Jeg har i lang tid brukt MacJournal til dette...funker greit!

  • Skriv ut artikkel
  • Abonner med RSS

Alt om iPad, iPhone og iOS

Nettradio i iTunes

Nettradio i iTunes
130 norske radiokanaler.
Få de mest populære norske, svenske og danske radiokanalene inn i en egen spilleliste i iTunes.
Oppdatert 13. mai