Søkeguiden til mac1La meg fyrst seie at eg er heilt enig med trådstartar. Det blir oppretta for mange undøvendige trådar her på mac1.
Me har i reglane våre ein paragraf som heiter «søk først, spør etterpå.»
Eg har vore moderator her på forumet i nokre år no og det er ikkje alltid like enkelt.
Problemet vårt er at om me slår for hardt ned på nye medlemmar på forumet som dristar seg til å poste noko, så får dei på pukkelen så det susar. Det bidrar til å skremme vekk medlemmar og brukarar.
Men om me ALLE, både moderatorar og erfarne brukarar prøver å hjelpe med søk og poste linkar, og deretter igjen gjev oss mods beskjed om slike trådar, så kan me stenga dei. Brukaren har fått hjelp og erfarne brukarar har ikkje svara på eit spørsmål for n´te gong.
Ein annan ting er når andre som har vore medlem i ti månader kjem med ein slik post, så stenges den umiddelbart, så fort nokre av oss mods ser den.
Hugs at me gjer dette på fritida og mange har full jobb og familie ved sida av.
Slike oppfordringar som dette er kjempepositivt, og betyr at mac1 har mange brukarar som bryr seg om forumet og at det skal fungera best mogleg.
Og som eit lite PS! kan eg jo nemna at det finnes eindel like trådar frå før som omhandlar unødvendige trådar og ikkje minst unødvendig posting.
viewtopic.php?f=108&t=154743&st=0&sk=t&sd=aviewtopic.php?f=108&t=216834viewtopic.php?f=113&t=108250