Hei!
Under "snikksnakk" kategorien er det vel høg takhøgde - så eg forsøker:
Jr vil gjerne ha Skylanders med portal (han har vore på besøk med søskenbarn som har PS3 med slikt opplegg) - og eg tykkjer det virkar ålreit - og snokar litt på nettsider mv for å finne ut av kva eg bør anskaffe.
Vi har ein Nintendo Wii, og eg ser at f eks ToysRus har tilbod på startpakke (
http://i1.no/0esd/ ) som ser bra ut. Ein par spørsmål melder seg som eg ikkje veit kven eg kan spørre, og forsøker derfor her:
1. Er figurane som ein setter på portalen plattformuavhengige? Slik at dei som søskenbarna har kan brukast på Wii portalen dersom dei er på besøk?
2. Korleis er det å bruke dei "vifte i lufta" kontrollane til Wii på skylanders? Såg at PS3 gjengen hadde "tradisjonelle" kontrollar. Har lurt på å kjøpe nokre frå GameCube-tida slik at ein har med ledning til Wii'en også - men er dette unødvendig/lurt?
3. Eg snubla over denne annonsa på finn:
http://i1.no/0ese/ som såg bra ut, men dette er ikkje det siste spelet, eg trur det som søskenbarna hadde heitte Giants?
Håpar på litt veiledning her, for jr har lyst på Skylanders, og eg har lyst å sjekke ut litt meir før eg kjøper noko som kanskje ikkje fungerar slik han/vi har tenkt.
På førehand takk for innspel