av Singeling » lør 21.04.2018 22:21
Nå treng eg hjelp med et problem...Mac Book Pro, frå 2012.
Eg skulle aldri ha starta oppdateringa med High Sierra... eg angrar djupt...
Det som skjedde undervegs var at maskinga sendte feilmelding om at eit problem var oppstått, og difor måtte restarte. Restarten byrjar, men så kjem same meldinga, og alt gjentek seg i loop.
Min plan var denne:
- Kople maskina til som ekstern harddisk, og ta back up.
- Reinnstaller til Sierra.
Eg har no prøvd å kople maskina til ein annen maskin, som ekstern harddisk. Ekstern harddsik-symbolet viser slik det skal på maskina (som no er ekstern harddisk), men den andre maskina finn han ikkje som ekstern harddisk. Eg har sett i Diskverktøy også, men heller ikkje der er han å finna.
Er harddisken øydelagt? Er det håp for å finna filer attende? Er eg nødt til å ta han til service, eller er det noko eg ikkje har prøvd som kan fungera?
Alle råd og tips tas imot med takk.....