Du kan Byrje med å markere spor nummer 18. Det er vel det andre med navn på (Grand piano heiter den). Så slettar du alle spora etter nummer 17. Då sitte du igjenn med 8 audio track kanal, 8 audio instrument kanalar og ein med eit eller anna instrumentnavn. Hold muspeikarn over ordet grand piano, og ein liten meny vil dukke opp. Velg Audio-> Audio output -> audio output 1-2.
Då har du altså 8 lydspor, 8 audio instrument, og ein output kontroller. Trykk På File - Save As Template og kall den ka du vil.
Heretter når du opnar eit nytt prosjekt, velger du Use Template, og brukar dn templaten du har nettop laga. så slepp du å alltid byrje med masse unødvendige gm spor du ikkje brukar.
OK.
Så, for å få lyd inn må du gjere følgande:
På Audio Track kanalane (dei orange) må du først markere kanalen, så på meyen heilt til venstre er der eit valg som heiter I/O. her velger du hvilken kanal på lydkortet ditt du skal legge til dette audio sporet. (har du berre ein mikrofon inn, velger du jo kanal 1.). SÅ trykkjer du på dn vesle R knappen og plutseleg vil alt mikrofonen registrerer, komme inn i logic. Så spelar du inn osv. Når du er ferdig med den kanalen, trykk på R igjenn, så den blir grå (den er raud når den er aktiv). Så velger du input på neste kanal, trykkjer den Raud og spelar inn. Har du berre ein kanal inn må du jo bruke same kanalen på alle spora dine. då må du hugse å kun sette eit spor på REcord enable (altså, når du trykkjer R knappen så den blir raud) om gangen ellers får du spelt inn ei lydkjelde til 8 kanalar. mykje stress for logic og lydkortet ditt.
(Dette er kanskje litt sånn for dummies tilnærming til logic, men eg er litt trøtt just no, så det vert ikkje det mest skuleriktige språket..
MIDI: Til midi nyttar du Audio instrument kanalane (dei blå). Her vil du sjå at der er ingen r knapp å aktivere. Det du gjer, er at du går til I/O menyen og velger Mono eller stereo eller multichannel (opp til deg), og så velger du eit av instrumenta som kjem opp der. Dette er programvare instrumenta og det er DEI som lagar lyden når du brukar midi keyb. Keyboardet sender berre informasjon om hvilke notar logic skal spele, det er sjølve programvareinstrumenta som lagar lyden. Når du har gjort dette, kan du prøve å spele på fjøla di og no SKAL det komme lyd i logic. Når du skal spele inn er det svært enkelt. Den kanalen som er markert (litt lysare gråblå farge enn dei andre) vil vere den som registrerer og spelar inn notane. Så om du puttar ulike softsynthar på dei ulike kanalane, er det berre å nett trykkje på den du skal spele innpå.
Var dette veldig vanskeleg? om du framleis slit, kan eg skriva ein betre "Logic for mac1`ere" ein dag eg får tid. Eg bur jo berre 40 minutt frå bergen, så i verste fall kan eg treffa deg og heilt enkelt visa deg korleis ein brukar det.
Lukke til.