av hamiso » fre 01.02.2013 14:26
(La inn dette innlegget i forumet til tek.no òg men fekk ikkje så mykje svar der.
Så prøver her òg.)
Hjelp... skjermen på min kvite Macbook 2008 har akkurat gått i svart. Det er litt kontakt i starten og når eg trykker på av/på knappen, men så går den i svart igjen. Ved tilkobling til ekstern skjerm er det greit bilete der. Så det er vel noko med kontakten til macbook-skjermen som må reparerast (?)
Har ikkje lyst til å kvitta meg med denne maskinen. Den har tent meg godt i alle år, og den oppfyller mine behov. Inntil nå. Har dessutan investert litt i den, så det er surt å evt. gi den opp nå.
Kjøpte den ny av Apple hausten 2008. Så det er vel akkurat innanfor reklamasjonstida.
Men:
-Har elles gjort nokre modifikasjonar. Skifta til 128 gb ssd og til 6 (2 + 4) gb ram (altså meir enn det Apple meiner det er plass til, men innanfor det andre brukarar anbefaler) som ikkje er Apple-produkt. Vil det ha noko betydning for reklamasjonen, sjølv om det vel ikkje har noko med skjermproblem å gjera?
-Kva vil det evt. kosta å få den reparert?
-Kan de anbefala noko firma i Akershus-området?
-Eller er feil og alder så ute at det berre vil bli meir og meir problem framover slik at de heller ville anbefalt ein ny?
Andre opplysningar om maskinen, er at den har 2,4 ghz Intel Core 2 Duo prosessor, altså 6 gb 667 mhz ddr sdram, intel gma x3100 144 grafikk og osx lion som akkurat er installert.
Den har vel fått ein og annan småsmell med åra, og det manglar to skruar på baksida, som kanskje kan ha noko med saka å gjere.
Men maskinen er jo elles framleis i live (sit og skriv med den nå ved hjelp av ekstern skjerm og eksternt tastatur). Og den har som sagt tent meg godt...