av kongaall » tir 12.04.2016 21:34
Hei!
La inn eit innlegg her for ei god veke sidan, etter at eg fekk ein ny SSD etter reklamasjon. Fekk ikkje til å formatere SSDen og diskverktøy viste at den var full. Vurderte å reklamere på den, men tenkte at det var litt for tilfeldig at begge SSDane var feil med. Bestilte derfor ekstern SATA til USB3-kabel og har no fått kontakt med SSDen, samt installert OS på den. Reknar derfor med at det er den interne kabelen som er noko gale med. Eg får som sagt opp disken, men får aldri gjort noko med han. Ville eigentleg berre få bekrefta antagelsen min (har allereie bestilt ny kabel), men kan jo hende det er noko eg endå ikkje har tenkt på. Uansett, takk på førehand!