Fann ein gammal tråd som dekkjer spørsmålet mitt - og gjenopplivar den likegodt!
Eg har bestilt, og motteke ein god del bilete som eg har framkalla ved å bestille bilete i iPhoto. Dei er printa i det store utland (Nederland for å vere nøyaktig), og kom i postkassa for nokre dagar sidan.
Var litt skuffa når eg såg kvaliteten, for alle bileta var litt mørke. Litt mørkare enn på skjermen på min iMac i alle fall. Og, spesielt i og med at alle var tekne med eit Nikon D70s i RAW/NEF format.
Har prøvd å lese litt i forum, og er ikkje stort klokare enn før eg byrja å lese. Men, kan det med at bileta vert mørke på fotopapiret ha noko med at eg har teke dei i RAW? Er det slik at eg må manuelt gjere korrektur på kvart einaste bilete, eller er det andre grunnar til den (for meg) tydelege forskjellen mellom slik eg ser bilete på skjermen (knallbra, og fine farger/lys) - og det endelege printa produktet - bestilt direkte gjennom iPhoto?
Ser fram til å verte opplyst...