av iEdvard » lør 20.06.2009 3:43
Det er jo mest naturleg å kjøpe seg ny, når ei så gamal maskin byrjar å feile; seie ikkje det seg sjølv? Eg såg merkelg nok for meg eit TV-show, der programledaren seier: Monica har ein gamal iBook G4, men no byrjar maskinvaren i maskina å feile. USB-portane har nettopp slutta å virke. Monica har spurd "ekspertar" om kor mykje det vil koste å fikse feilen. Ho fekk eit prisoverslag som var til å tørke seg bak med stein av. Det ville kosta ho omkring 9000 kr for å få fiksa den lille feilen. Ho navigerer seg inn på Mac-forumet, Mac1, og skriv eit innlegg, der hovudpoenget er: skal han kjøpe seg ein heilt ny Mac, der ho får garanti på eitt år og andre forbrukarrettigheter, som gjer ho fordelar til tusen dersom maskina skulle feile innan rimeleg tid, eller skal ho reparere feilen, og behalde den gamle iBooken?
Det er nesten naturleg å kjøpe seg ny Mac, istaden for å fikse den iBooken du no har, som sikkert snart kjem til å feile totalt uansett. Det er sjølvsagt ditt val, men eg ville i alle fall kjøpt meg ny Mac.
Edvard.