av Marengs » tir 13.09.2011 9:18
Eg har nokon få gonger denne sommaren opplevd at dataen har stilt seg tilbake til 1. januar 1970 når den har slått seg av i staden for å gå i dvale når den er tom for straum. Tom for straum blir den i løpet av få minutt eller mindre. Datoen kan fiksast ved å stappa i eit nytt klokkebatteri viser søk her på forumet. Men kvifor slår den seg av i staden for å gå i dvale?
For eit par dagar sidan skjedde noko meir dramatisk. I tillegg til tilbakestillinga av datoen vil korkje skrivebordsbakgrunnen, dock eller dashboard vise seg som eg så langt har funne ut. Exposè og skifte av program ved hjelp av epleknappen og tabknappen virker heller ikkje. Instillingane på nevnte ting er som dei skal vera.
Eg har fått kopiert filane over på ein ekstern hardisk, men eg er langt i frå klar for at at min kun seks år gamle data skal dø i frå meg.
Den har Tiger.
Er det nokon som kan gje meg ein peikepinne på kva som kan gjerast?