Bilete forsvinn i Aperture

Bilete forsvinn i Aperture

Innleggav eide89 » søn 11.11.2007 16:48

Hei,

Når eg tok til å bruka Aperture, så var det reine himmelen, men no vert det stadig vekk mørkare.. :-/
Etter ein del om og men i det siste, ustabilitet og ymse anna, så toppar det seg no med at ein del av bileta mine ikkje kjem opp lenger. Det visar berre ein gråfarge med eit raudt spørsmålsteikn inni.
Bilde

Tingen er at eg har ordna det før, har bygd opp att databasen og då ordna det seg (det var berre ein to-tre filer), men no er det plutseleg større skala. Eg veit ikkje om det er tilfeldig eller ikkje, men såvidt eg kan sjå er det berre siste delen av prosjekta (etter halvparten liksom) som ikkje er synleg meir.
Sjukt irriterande! Særleg når det tar ein plass mellom 4 og 5 timar og byggja opp att databasen.. :-(

Har nokon vore borti dette før?
Takksam for all hjelp.

mvh
-Andreas

Brukerens avatar
medlem i 159 måneder
 

Re: Bilete forsvinn i Aperture

Innleggav ch_knapp » søn 11.11.2007 17:48

Eg reknar med at du køyrer siste versjon av Aperture? 1.5.6
Nyttar du Leopard og Time Machine?

Det har vore nokre problemar med Leopard og Aperture, men tvilsamt at det er tilfellet her, siden du har hatt same problem tidlegare.

Korleis lagrar du bileta? På ekstern-HD?
Du finn orginalbileta på harddisken, det er berre henvisninga i Aperture som ikkje virkar?

(Unnskyld min dårlige nynorsk)

Brukerens avatar
medlem i 177 måneder
 

Re: Bilete forsvinn i Aperture

Innleggav eide89 » søn 11.11.2007 18:12

Ja, eg har siste versjon, 1.5.6
Nei, eg køyrer framleis tiger, men i dette tilfellet kunne det ha vore artig å prøvd Time Machine.

Eg lagrar bileta i Aperture-bibliotek på ekstern-HD og ja, eg finn alle orginalane i bibliotek-fila, så det må vera noko gale med henvisninga.

Kan jo byggja opp att biliotek-fila mi igjen, men det tek som sagt tidlegare ein stund med ein del tusen bilete..

(Eg syns ikkje den var dårleg ;))

Brukerens avatar
medlem i 159 måneder
 

Re: Bilete forsvinn i Aperture

Innleggav ch_knapp » søn 11.11.2007 18:38

Det synast å vere eit problem fleire har.
http://discussions.apple.com/thread.jsp ... &tstart=45

Som linkar vidare til:
http://discussions.apple.com/thread.jsp ... ID=5219374

For å sitere ein av dei i tråden:

ok, i just got off the phone with an apple tech who told me to do the following to force a rebuild (as i said the option/apple boot didn't work for me):
Control click on the library in question
CHoose "Show package contents"
TRASH the Aperture.aplib folder and the Aperturedata.xml file.
Open application.

SEEMS to be working so far....aperture opened and seems to be rebuilding my projects one by one. i have over 12,000 images so may take a while, but at least I hear it chugging away, and there is a progress bar that has the wavy blue line going. Fingers crossed. Failing that i will create a new library and restore from vault, as per his instructions. GOOD LUCK!


Dette gjeld då dei kor det ikkje hjelp å velge å byggje opp att biblioteket, og kor det må tvingast fram. Men etter å ha lest nokre av trådane rundt det problemet, trur eg einaste løysing må vere å byggje det opp att. Om du vil kan du forsøkje å gjere det som sitert, det er i prinsippet det same som gjerast, berre manuelt –men kan vere verdt eit forsøk. Husk backup.

Brukerens avatar
medlem i 177 måneder
 

Re: Bilete forsvinn i Aperture

Innleggav eide89 » man 12.11.2007 13:31

I går tenkte eg at eg skulle ordne opp i heile biblioteket å bli kvitt problemet igjen. Men etter at det hadde stått å godgjort seg ein stund, så var fortsatt mongen av bileta fortsatt "uleselege". Dette var då særs merkeleg ettersom det ikkje har skjedd før.

Men no ser det ut som om eg har funne ei løysing som fungerar. Eg eksporterar prosjektet som det gjeld ut av Aperture, for så å importera det igjen. Då kom alle bileta opp slik dei skulle.
Veldig unødvendig spør du meg..

Brukerens avatar
medlem i 159 måneder
 


Returner til Programvare



Hvem er i Forumene

Registrerte brukere: Google [Bot]