av Even1969 » lør 01.02.2014 12:40
Vi hadde ein Texas Intruments-datamasking tidleg på 80-talet (tv-en som skjerm og horrible spill). Første pcen, ein IBM PS2 med 21 Mb harddisk, kom i hus i 1989 eller 1990. Kjøpt brukt til 12.000 kr! Pcen hadde Word Perfect med fargekodar, så det var eit rart møte med macane på Oppland distrikthøgskole, og deira brukargrensesnitt! Likevel vart dette ein parentes i ein pc-kvardag, der eg gjekk frå stasjonære pcar til bærbare, og tilbake til stasjonære.
Etter 16 år som Nokiabrukar (meir og meir halvhjerta) valgte eg sommaren 2011 iPhone, etter fleire månaders vurdering av ny mobil. Eg var svoren antieplar... men eg likte det eg hadde kjøpt, og det balla på seg:
Kona gjekk over til iPhone. Syster mi skulle ha iPad, men denne kom aldri, så ho heva kjøpet, og eg kjøpte ein 2011 11" MacBook Air til ho i januar 2012, og ein iPad 2 og ein sein 2011 17" MacBook Pro til meg og mitt firma.
Med ein tenåring in-spe vart det litt stor konkurranse om pcen kona og eldstedottera hadde i lag, så kona fekk ein 11" 2011 MacBook Air våren 2013, og sidan pcen tok kvelden, meir eller mindre, så vart det ein 2011" 13" MacBook Air til tenåringen, og ein 13" Pro til dei to yngste ungane. Total overgang til mac, med andre ord. Tenåringen har iPhone, og sjølv om tiåringen fortsatt må nøye seg med ein gamal Nokia, så er iPhone ei gulrot som han må strekke seg etter.
Det er jo interessant at det er ein bruktmarknad for macar som er både tre, fire og fem år gamle. Eg har hatt bærbare pcar som har krasja før dei var eitt år gamle, og ein som vart fem år gamal, vel og merke lite brukt dei tre siste.
Det er i alle fall ingen som har angra på overgangen til mac. Kanskje med unntak av mor og far som irriterar seg over tida ungane brukar på epledingsane sine? :8
Sist endret av
Even1969 den lør 01.02.2014 12:43, endret 2 ganger.