av bohdi » søn 18.11.2012 23:03
Det er gjerne ikkje dette, men det du skriver minner meg om eit skikkeleg "Windows-moment" eg hadde på jobb for ei stund sidan.
Eg brukte utforskar for å navigere til ein Word- dokument eg ville redigere, og klikka på dette (type dobbel) - og fekk liknande melding.
Litt lang historie kort, etter å ha vist fram opplegget til ein par stk, sa ein at "du har sånn der forhåndsvisning på i utforskar, kan det vere grunnen?".
Og det var det. Genial windofs-feature.
Kan du sjekke om du har noko slikt opplegg gåande? Dvs forhåndsvisning av innhold (trur neppe Mac-gjengen nokongong har lagt inn slik feature, men kan vel vere verdt å sjekke ut)?