ok, takk for svar.
Har brukt reklamasjonsretten fleire gonger i forhold til elektriske produkt, som stereoforsterkar, kamera, kjøleskap...og det har aldri vore noko problem.
Så det er i tilfelle greit å vita at Apple evt. er like enkle å forholda seg til.
Siste:
Vel, eg vil nå halda litt ved ordet "kronglete" etter å ha vore i kontakt med Apple kundeservice i dag.
Hos andre forhandlarar er det berre å senda ein epost, så henviser dei til næraste verkstad. Dersom eg skulle ha mista kvittering, har dei hjulpe med å finna den, eller den er på nettstaden deira, uansett kor lenge det var sidan eg handla der.
Hos Apple er ein nødt til å ringa for å få direkte svar. Og det kostar 350 kroner når varehandelen er over eitt år gammal
. Eg redda meg på at eg kunne vera unntatt fordi eg nyleg hadde kjøpt nytt operativsystem til maskinen. Men likevel...
Det blei elles opplyst om at kostnad ikkje kunne dekkast , sidan garantien har gått ut for lengst. Men det blei ikkje sagt noko om reklamasjon.
Dama i telefonen var svært hyggjeleg og hjelpsam. Ho brukte tid på å prøve å ordne feilen over telefon. Og det blei halvvegs lova at nokon skulle prøve å leite fram kvitteringen som eg sjølv ikkje finn lenger, og sende den på epost.
Men dette kan gjerast mykje enklare. Med lett tilgjengeleg epostadresse eller elektronisk svarskjema, og med kjøpskvitteringar for alle kjøp over minst fem år liggande på ein brukarkonto på nettsida, slik ein del andre har, kan slike ting avklarast langt raskare enn dette.
D