av Indianapolis Jones » tor 19.02.2015 13:44
For litt over to veker sidan sat eg og skreiv på min Macbook Air 2012 då tastaturet plutseleg slo seg vrang. Trykte eg A, blei det AS, trykte eg S, blei det SD. Dette skjedde også med andre knappar på denne sida av tastaturet. Prøvde å opne feilsøkingsverktøyet, formatere macen og bruke Windows på den utan at det hjalp.
Leverte den eit par dagar seinare inn til Eplehuset i Bergen der to tilsette såg på den og eg fekk inntrykket av at med mindre eg har forårsaka skaden sjølv, skulle det gå fint å få det på reklamasjon. Dei var jo oppegåande nok til å sjå at det måtte vere ein fysisk feil med maskina etter å ha prøvd den og høyrt kva eg hadde gjort for å prøve å ordne den sjølv.
Eg har i mellomtida søkt litt rundt og funne ut at det må vere snakk om ei korslutting i tastaturet, noko som enkelt kan ordnast utan nye deler. Dette skuldast oftast enten ein feil med tastaturet eller fuktskade. Eg har aldri sølt noko som helst på den eller brukt den i fuktige omgivnader så eg kan trygt utelukke at eg har påført skaden sjølv.
No to veker seinare får eg beskjed om at teknikaren ikkje har funne feil på den og at eg difor skal betale 599,- for feilsøkinga. Så då konkluderer eg med at anten har maskina på mirakuløst vis reparert seg sjølv dei to vekene den har vore inne, eller så har teknikaren ordna den og rett og slett lyg om at han ikkje fann feil på den for å kunne ta betalt i staden for å la det gå på reklamasjon.
Skal eg verkeleg måtte betale for dette?