av hamiso » lør 17.03.2018 23:07
Er tilbake her igjen, etter at eg gløymde meg litt ut og havna i det same uføret igjen.
Har hatt problem med å oppdatere office på mac-en. Så dermed har det blitt gammal versjon.
Men trur faktisk eg fann ein "svenskeknapp-metode" som redda meg nå når problemet dukka opp igjen. Og det var å fyrst klikke på "omstart" for mac-en, så "tvungen avslutning" for word. Når mac-en så starta opp og eg logga på, så dukka alle word-dokumenta opp på nytt som gjenoppretta...utan tivolihjul...puh...
Men problemet er elles frustrerande. Har lest at fleire andre har liknande problem. Og for min del skjer det altså når eg markerer tekstavsnitt med ein farge og så skiftar til ein annan farge i eit anna avsnitt, så går heile word i stå. Burde ikkje vera slik.